• RS 2010-076
  • Saksnummer: 09/2695
  • 1. januar 2010


Til:
Politimeistrane
Utenriksstasjonane

Unntak frå kravet om opphaldsløyve for musikar, artist, kunstnar eller naudsynt hjelpepersonell – utlendingsforskrifta § 1-1 fjerde ledd

1. Innleiing

Rundskrivet tek føre seg vilkåra for å kunne vere omfatta av unntaket frå kravet om opphaldsløyve etter utlendingsforskrifta (utf.) § 1-1 fjerde ledd.

2. Vilkår

2.1. Krav til utlendingen - kulturformidling

For å vere omfatte av gruppa musikar, artist, kunstnar eller naudsynt hjelpepersonell, er det eit vilkår at hovudformålet med opphaldet i Noreg er kulturformidling. Ein kan med dette berre vere unntatt frå kravet om opphaldsløyve i dei tilfella der utlendingen skal utøve ein aktivitet som kan seiast å vere av kulturell art. Formålet må vere å formidle kultur, til dømes gjennom musikk, dans, teater eller liknande. Til dømes vil dans der stripping er formålet, falle utanfor. Bakgrunnen for dette, er at stripping ikkje er å rekne som formidling av kultur, sjå også rundskriv RS 2010-104.

2.2. Krav til oppdragets varigheit

Oppdraget/a må samla ikkje utgjere meir enn 14 dagar i løpet av eit kalenderår, jf. utlendingsforskrifta § 1-1 fjerde ledd. Utlendingen skal før han/ho reiser inn i Noreg, gje skriftleg melding til politiet i dei aktuelle distrikta, jf. utlendingsforskrifta § 1-1 sjuande ledd. Arbeidsgjevar, arrangør, reiseleiar eller annan ansvarleg person kan også gje slik melding.

Utlending som har vore her på oppdrag for til saman 14 dagar og som får nye oppdrag/kontraktar, må søkje om opphaldsløyve etter utlendingsforskrifta § 6-22 første ledd på vanleg måte frå utlandet. Utlendingen må mellom anna leggja fram kontrakt og eventuell turnéliste, og opplyse om underhald og bustad er sikra. For nærmare retningslinjer, sjå RS 2010-104. Dersom utlendingen har kompetanse som faglært og har lovleg opphald, kan han/ho søkje om opphaldsløyve frå Noreg, jf. utlendingsforskrifta § 10-1 første ledd bokstav a og tredje ledd.

Karl Erik Sjøholt
avdelingsdirektør

Kontakt: Opphaldsavdelinga, Arbeidseininga




Denne siden er validert i henhold til W3C og WAI